Gratis norskkurs, nivå B1

Er du på nivå A2 i norsk, og ynskjer å lære meir?
No har du mogelegheit til å melde deg på gratis digitalt norskkurs på B1-nivå! Kurset blir arrangert av Briga, og er finansiert av IMDI.
Fyrste kursdag er tysdag 23. april kl. 13.00
Kurslengde: 80 timar
Varigheit: 23.04.2024 – 15.08.2024 (ikkje kurs i veke 28-30)
Kursdager: tysdag og torsdag
Klokkeslett: 13:00 – 16:00
Stad: Online på Zoom
NB! Du må ta ein kartleggingstest for nivå A2 for å få plass, og du må ha eigen PC/Mac eller nettbrett for å delta. Du kan ikkje gå på andre gratis norskkurs frå kommunen eller staten samtidig.
Slik melder du deg på:
- Skann QR-koden og opne skjemaet
- Legg inn informasjon og ta testen.
- Får du 30 poeng eller meir på testen, får du plass på kurset. Dersom kurset er fullt, får du plass på venteliste.
- Om du er kvalifisert, men ikkje får plass, blir du prioritert på neste kurs.
- Du får ein e-post med bekrefting, og seinast dagen før kursstart får du e-post med zoom-lenke og informasjon om pålogging til kurset.
Har du spørsmål om kurset? Ring vår kursavdeling på telefon 47 47 39 15, eller send e-post til kurs@briga.no
Sist oppdatert