Bokkassa

Vinje folkebiblioteket har eit samarbeid med nokre friviljuge i pensjonistlaget om utkøyring av bokkassa éin gong i månaden, for dei som ikkje har moglegheit til å kome til biblioteket sjølv.
Bibliotekarane fyller eit par koffertar med eit variert utval frå samlinga, som blir køyrt ut for utlån. Mottakarane kan også kome med spesifikke ynskje om kva dei vil låne, enten det er bøker, lydbøker, CD eller DVD. Du kan velje det du er interessert i å låne, og ha ein koseleg prat med sjåførane som kjem på besøk, før dei reiser vidare.
Ta kontakt med Vinje folkebibliotek dersom du er interessert i å stå på lista over mottakarar av bokkassa i Vinje kommune.
Kontaktinformasjon
E-post: biblioteket.aamot@vinje.kommune.no
Telefon 35 07 26 60
Sist oppdatert