Storviltjakt på Berunuten vest - søknad og betaling

Du kan no søkje om storviltjakt på eigedomen Berunuten vest. 
Søknadsfrist: 9. juni

Kvote for villreinjakta er 38 vaksne hanndyr (2,5 år og eldre). 
Pris kr 3 500 per dyr. 
Kvote for elgjakta er 1 ungdyr, pris kr 3 500.

Som innbyggjar i Vinje kommune har du fyrsterett på å få kort . Det er høve for andre og søkje om ikkje alle korta vert nytta av innbyggjarane.

Det er ikkje høve til å nytte helikopter til inntransport av jegerar og utstyr.

Slik søkjer og betalar du: 

På vinjenett.no kan du søkje om jaktkort på storvilt. Etter nokre dagar blir det gjort ei siling på kven som får kort, i høve til kriterie som alder, busetting og eventuelt opparbeidde poeng.

Du må betale for kortet når du søkjer. Frå 5. juni treng du ikkje betale for å søkje om elgjakt. Dei som ikkje får jaktkort etter silinga, vil få igjen pengane om lag 5-6 dagar etter søknadsfristen. Det er ingen forskjell på om du søkjer tidleg eller seint, det er poengsystemet som styrer kven som får kort. I utgangspunktet er det tenkt at dei som får jaktkort får det tilsendt i posten, men det kan vera at det må bli henta. Om dette gjeld deg vil du få informasjon om dette. 

Jakttid 

20.08 – 22.09. 

Søknad

Du sender inn søknad og betaler på vinjenett.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kontakt

Har du spørsmål til dette, så tar du kontakt med Per Wraa på epost: per.wraa@vinje.kommune.no

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?