Vedkomande planvask i KDP Rukkemo-Torvetjønn

I høve sak om kommunal planstrategi vedtok kommunestyret 14.05.2024 i sak 77/24 at KDP Rukkemo-Torvetjønn skal planvaskast. 

KDP Rukkemo-Torvetjønn skal i utgangspunktet ikkje vera med i prosessen med rulleringa av arealdelen og KDP-ane Åmot og Rauland, med unntak av overordna føresegner (kommunestyresak 99/23, 14.09.2023). Arealdelen og KDP Åmot og Rauland var utgangspunktet for planvasken som låg til grunn for søknaden om midlar frå Miljødirektoratet. På bakgrunn av dette må det derfor avklarast korleis ein skal gå fram med planvask av Rukkemo-Torvetjønn. Det same vil gjelde KDP Vågslid og KDP Edland/Haukeli, som og vart inkludert i vedtaket 14.05.2024. Det vil bli lagt fram ei sak for kommunestyret etter sommaren som avgjer framgangsmåte for desse vidare. 

Eksisterande reguleringsplanar innafor Rukkemo-Torvetjønn og dei andre kommunedelplanane er framleis gjeldande og handsaming vil skje i tråd med desse. Det er ikkje gjort vedtak om byggje- eller deleforbod.  

 





 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?