Spreke tilsette i Vinje kommune!

Tilsette i Vinje førebyggjer helsa med å vera i fysisk aktivitet!

I år har heile 272 tilsette deltatt i trimordninga! 

Trimordninga frå 2008 har blitt ein tradisjon for tilsette i Vinje kommune. Målsettinga er å motivere på eit lågterskelnivå til å vera i fysisk aktivitet. Som arbeidsgjevar ynskjer Vinje kommune at dei tilsette skal ha ei god oppleving av å vera aktive, noko som og har har ein førebyggjande helsegevinst og er gunstig for å auke jobbnærværet. 

Premiane som alle får er gåvekort på 600 kr og 1200 kr, som blir nytta på dei lokale sportsbutikkane. I tillegg er det trekking av tre større premiar. 

Kostnadene for ordninga er vel anvendte midlar for å auke trivsel og å vera ein attraktiv arbeidsplass. Kommunedirektøren seier det er ein fin tradisjon å møte sportsbutikkane kvart år. Dette gjev og positive ringverknadar for dei, med fleire kundar innom. Deltakinga har halde seg stabil, med ei liten auke seiste åra. 

Kommunedirektøren oppfordrar no tilsette i Vinje til å gjera seg klare for ein ny og aktiv sesong, med mål om å auke deltakinga. 

Bilde av vinnarar, trimkort 2024
Bilde av vinnarar, trimkort 2024

Bak frå venstre: Venke Haugen, HR/personalrådgjevar, Tone Hild Sørland Lyslid, HMS-rådgjevar, Eva L.Vistad, HR/personalrådgjevar, Kjersti Torvetjønn, Rauland Fjellsport, Kommunedirektør, Jan Myrekrok, Knut Seltveit, HR/personalrådgjevar, Margit E. Karlsen, organisasjonssjef og Åshild Lofthus, Sport1 Åmot. 
Framme frå venstre: Guri Haugland, reinhald og tekstil – Gåvekort kr 6000 frå Rauland Fjellsport, Sigrid L. Byggland, Åmot barnehage – Gåvekort kr 5000 frå Vinje kommune og Mirjam Thorkildsen Schade, jordmorsamarbeidet - Sykkel verdi 12000 kr frå Sport1 i Åmot. 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?