Er du klar for stolpejakt?

22. juni går startskotet for årets stolpejakt.
Vinje kommune har også i år fått til eit breitt samarbeid med mange aktørar. Dei som er med i samarbeidet er: Vinje IL, IL Dyre Vaa, Haukeliseter Fjellstove, ildsjeler i Øyfjell, Austbø hotell, Haukelifjell Skisenter, Mogen Tursithytte, Vinjesenteret og Rauland Skisenter. Det er sett ut 55 stolpar i kommunen, og me håpar at det femte året gjev rekordmange "stolpejegarar" med høg fangst.
Stolpejakta er eit gratis lågterskel aktivitetstilbod for alle. Det er ein familievenleg aktivitet, for alle aldrar og nivå. Oppgåva er å finne dei ein meter høge trestolpane. Kvar stolpe har ein farga topp med nummer, bokstav og ein QR kode.
NB! Me gjer merksam på at det på nokon stadar er forskjell på stolpefargen i verkelegheita og det som blir vist i appen. Men QR-kode og bokstavkodar er rektige.
Stolpane kan bli registrert på to måtar:
- Lag deg ein brukar på www.stolpejakten.no
Lenke til et annet nettsted. og legg kodane inn på di side.
- Last ned appen Stolpejakten til mobiltelefon og skann QR kode som du finn på dei ulike stolpane.
Dei ulike fargane på stolpane gjev informasjon om kor vanskeleg/utfordrande det er å finne stolpane:
- Grøn - Svært lett
- Blå - Lett
- Raud - Middels
- Svart - Vanskeleg
Bli med i trekning av premiar
Er du innom 30 stolpar blir du med i trekninga av fem gåvekort på 1000 kroner. Vinnaren kan sjølv velje kvar han/ho vil bruke gåvekortet innanfor Vinje kommune. Trekning av gåvekort blir gjort etter 13. oktober.
Vinnarar blir kontakta, og vil bli offentleggjort på Vinje kommune si heimeside.
Dei fleste stolpane blir ståande ute til og med 13.10.23, men nokon stolpar kan bli fjerna tidlegare grunna jakt. Me må også ta atterhald om siste dato om det kjem sno.
Ha ei god jakt!
Sist oppdatert