Naturtypekartlegging i Vinje

Naturtypekartlegging i 2024
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark orienterer om at det vil bli kartlegging av naturtypar i delar av Vinje kommune, og Tinn kommune, etter Miljødirektoratet sin instruks for kartlegging av naturtypar i 2024 (NiN- kartlegging).
Kartlegginga skjer etter oppdrag frå Miljødirektoratet. Kartlegginga blir gjennomført av Natur og Samfunn AS. Me har varsla grunneigarane om kartlegginga. Resultata frå kartlegginga vil bli tilgjengeleg via Naturbase våren 2025. Oversikt over områda som er planlagt kartlagt i år ligg på Miljødirektoratet si offentlege NiN visning her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Kvifor kartlegg me naturtypar?
Kartlegginga er ei langsiktig, nasjonal satsing for å betre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur. Målet med kartlegginga er å få på plass god informasjon om naturen som kan brukast i mellom anna
arealplanprosessar. Me treng denne informasjonen for å vite kva som skal takast omsyn til, og for å sikre ein effektiv og føreseieleg arealplanprosess. Kartlegginga kan også vera nyttig for grunneigarar som ynskjer å søkje om tilskot til tiltak for trua natur og kulturlandskapet.
Kva skal kartleggjast?
lkkje all natur blir kartlagd. Kva naturtypar som skal kartleggjast er fastsette i kartleggingsinstruksen for 2024 som er gitt ut av Miljødirektoratet, og denne inkluderer 111 ulike naturtypar. Dei fleste av
desse naturtypane er raudlista i Noreg, medan resten av naturtypane skal kartleggjast fordi dei er viktige leveområde for trua og nær trua artar.
I år blir det kartlagt i alle fylka i landet, og arealet som skal bli undersøkt utgjer heile 1 410 km2. Områda som skal kartleggjast kan innehalde både innmark og utmark.
Korleis skal områda kartleggjast?
Kartlegginga vil gå føre seg på land etter eit standardisert system som heiter Natur i Noreg (NiN). At eit område vil bli kartlagt inneber i praksis at konsulentar på oppdrag for Miljødirektoratet undersøkjer områda som skal kartleggjast til fots, og leitar etter dei 111 naturtypane fastsette i instruksen. Dersom kartleggjarane finn ei naturtype vil dei registrere omfanget av naturtypen og ta bilete av naturtypen. All registrering skjer via nettbrett i Miljødirektoratet sin eigen app "Ni Napp". I sjeldne tilfelle kan det vera aktuelt å ta med små mengder plantemateriale for nærare undersøkingar og identifisering av artar.
Kven kan du kontakte?
All ferdsel i samband med kartlegginga vil skje i samsvar med reglane i friluftslova om ferdsel og god ferdselskultur. Ved kartlegging på innmark kan det vera behov for kartleggjaren å gå på innmarksareal. Dersom det er spesielle omsyn som må takast i samband med slik ferdsel, om du ikkje gjev samtykke til ferdsel på innmark, eller uttak av små mengder plantemateriale, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i forkant av kartlegginga.
Sist oppdatert