Ta beltesjekken

Trygg Trafikk sitt tema i juni er fokus på bruk av bilbelte. Det er viktig at alle som sit i bilen brukar bilbelte, og brukar det rett.

Bilbelte er ein enkel og effektiv tryggleik for deg og dei du reiser saman med.

Beltesjekken:​

  • Stram belte over skulder og hofte, ned mot låret.
  • Pass på at belte ikkje ligg over magen, under armen, bak ryggen eller på andre oppfinnsame måtar.
  • Sjekk jamleg at belte sit som det skal.
  • Ta av tjukke ytterjakker og dressar.
  • Sjekk at telefon, nettbrett og andre gjenstandar ikkje ligg lause i bilen.

Les meir om bruk av bilbelte her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?