Eit lite innblikk i sommarskulen 2024

Her i Vinje får alle barn som gjeng i 5. - 10. klasse i Vinje kommune eit gratis tilbod om sommarskule. Her er det masse forskjellig dei kan plukke og velje mellom, alt etter kva dei har lyst til å delta på! Hittil i sommar så har barna fått opplevd mykje forskjellige og interessante ting.
Ridesenteret på Rauland
Torsdag 26. juni tok sommarskulen turen til Ridesenteret i Rauland. Her fekk barna vera med på riding og ulike stallaktivitetar. Ein av desse aktivitetane var å gjera hestane ekstra fine til sommaren med fine fletter i manen 🐴

Reinsparken i Edland
Tysdag 2. juli blei det ikkje hestar barna farta rundt på, men heller syklar🚲 Det blei ein flott dag i Reinsparken i Edland.

Rush trampolinepark
Onsdag 3. juli blei litt av eit rush! Då tok sommarskulen ein hoppetur til trampolineparken «RUSH» i Drammen. Her fekk barna prøve ulike trampoliner og hinder! Og om ikkje barna hadde kome inn i sommarstemning før dei reiste til Drammen, så har dei i alle fall hoppa inn i den no 😎

Karatetrening
Måndag 8. juli blei det karatetrening med Sensei Ane Slåtta og Jennie Dokken frå Skorve karateklubb🥋 (Sensei er det same som trenar). Treninga var på Vinjehuset i Åmot, der barna i hovudsak lærte seg sjølvforsvar og fekk prøve seg på ulike karateblokkeringar, slag og spark, kataer (kombinasjon med fleire teknikkar) og kumite (kamp).
.jpeg)
Paracordverkstad
Fredag 12. juli var ein fin gjeng samla på biblioteket i Åmot til paracordverkstad. Paracord er ein type nylontråd, som du mellom anna kan bruke til å lage flotte armeband.

Sommaren er langt i frå over, og sommarskulen har framleis ledige plassar på fleire ulike og kule aktivitetar. Synest du dette høyrdes spennande ut, så gå inn på Vinjenett og sjå om det er nokon eller fleire aktivitetar du har lyst til å vera med på i sommar! ☀️
Klikk her for å koma vidare til Vinjenett Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Les heile programmet for sommarskulen her Åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert