Droppe belte i buss?

Trygg trafikk sitt tema i august er beltebruk i buss. 

Det er no mange som igjen skal ta kollektiv transport til jobb og skule. Nytt gjerne høve til å få på plass gode vanar frå starten!

Det er liten tvil om at bilbelte reddar liv, og talet bilistar som faktisk brukar belte, har etter gjentatte kampanjar frå myndigheitene stige dei siste åra. Lista nedanfor illustrerer kvifor belte er så viktig:                           

  • Å kollidere i 50 km/t utan bilbelte tilsvarar eit fritt fall på 10 meter.
  • Å kollidere i 70 km/t utan bilbelte tilsvarar eit fritt fall på 19 meter.
  • Å kollidere i 90 km/t utan bilbelte tilsvarar eit fritt fall på 32 meter.
  • Skadefrekvensen for personskader er opp til ti gonger høgare i tettstadane enn utanfor.

Ta vare på deg sjølv og dei rundt deg, nytt alltid sikkerhetsbelte, også i buss.

Les meir om bruk av bilbelte her, på Trygg Trafikk si nettside Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?