Informasjon om fysioterapitenesta hausten 2024

Etter at fysioterapeuten vår med driftstilskot på Edland/Åmot slutta, er me no så heldige og fått tilsett ny.
Espen Arnesen er den nye fysioterapeuten og han er på plass frå starten av november.
Me manglar framleis ein fysioterapeut som mellom anna skal ha ansvar for frisklivsentralen i Vinje. Rekrutteringsarbeidet er i gang og stillinga ligg ute med søknadsfrist 21.08.24.
Ventetid
I påvente av at nye fysioterpeutar skal starte, vil det dessverre vera lengre ventetid for å få time hos ein fysioterapeut.
Her kan du få meir informasjon om fysio- og ergoterapitensta i Vinje Åpnes i nytt vindu.
Frisklivsentralen hausten 2024
Meir informasjon om korleis tilbodet blir, kjem i slutten av august.
Styrkerom
Me rår alle som kan og vil, til å nytte styrkeromma i kommunen til eigentrening.
Kjøp av kort og informasjon om tinging av treningstid finn du her på vinjenett.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Har du spørsmål eller treng hjelp til kjøp av kort på nett, kan du ringe Tenestetorget på telefon 35 06 23 00 eller komme innom på kommunehuset.
Sist oppdatert