Kunngjering – Vedtak i namnesak 2024/50 – Mælestauljuvet m.fl. i Seljord kommune (med Piggenuten i Vinje og Seljord kommunar)

Statens kartverk gjorde 02.09.2024 vedtak om skrivemåten av fleire stadnamn i Seljord kommune. Eit av namna, Piggenuten, gjeld namn på ein topp på grensa mellom Seljord og Vinje kommune. 

Vedtaket er gjort med heimel i § 7 tredje ledd i lov om stadnamn.

Om klagerett

Dei som har klagerett etter lov om stadnamn (offentleg organ, grunneigar/heimelshavar, lokal organisasjon med særleg tilknyting til stadnamn, stadnamnteneste) kan klage på vedtaket til kartverket innan tre veker frå vedtaket er kunngjort.  Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket, med kopi til Vinje kommune. Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtala alle namn eller namneledd klaga gjeld. Når ein tek opp ei klagesak, gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket vert oppretthalde, sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker, som er oppnemnd av Kulturdepartementet. 

Dokument i saka

Vedtak Pdf, 170 kB.
Namneliste Pdf, 355 kB.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?