Den internasjonale Hjartestartardagen

16. oktober er den internasjonale Hjartestartardagen/Verdens hjarte- og lungeredningsdag.
Det er svært viktig å ha tilgang til ein hjartestartar som virkar når du har bruk for den.
Veit du kvar du finn hjartestartar?
Hjartestartarregisteret er eit initiativ frå helsemyndigheitene, der målet er å synleggjera hjartestartarar for 113-sentralen. Slik kan 113-sentralen henvise dit i akuttsituasjonar. På nettsida hjertestarterregister.113.no kan du sjå oversikt over alle registrerte hjartestartarar i eit område. Du kan også registrere nye hjartestartarar på denne sida. Sjå meir her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Vinje kommune har fleire hjartestartarar i kommunale bygg, du kan også sjå oversikt over desse på heimesida vår her Åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert