Vinnarane av Stolpejakta 2024

Me gratulerer årets vinnarar av Stolpejakta!


Det har vore god deltaking på Stolpejakta i Vinje i år. Dette er med på å fremje folkehelsa i kommunen vår.

Stolpejakta hadde i år heile 1725 deltakarar! Det var 57 spreke stolpejegerar som var innom 30 stolpar. Av desse var 12 personar innom over 50 stolpar, det er ein fantastisk flott innsats! 

Vinnarane er:

  • Alexander Stettin
  • Andrea Keil Hovden
  • Grete Øien
  • Guri Myrvang
  • Leif Kjøita

Vinnarane får eit gåvekort til ein verdi av 1 000 kr hos valfri næringsaktør i Vinje. Vinnarane har blitt kontakta på telefon eller e-post.

Me vil ynskje stolpejegerar og andre turglade ein flott haust, kanskje sjåast me rundt nye stolpar til neste år!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?