Stort engasjement på Ungdomstinget i Bø

Måndag og tysdag denne veka har ungdom frå Vinje delteke på Ungdomstinget 2024 i Bø.

Ungdomstinget i Telemark utgjer alle kommunale ungdomsråd og elevråd frå vidaregåande skular i fylket. Frå Vinje Ungdomsråd deltok leiar Margit Magnesdotter Kostveit og medlem Rebecca Bjørnø. Ingrid Haugen frå Edland representerte elevrådet på Hjalmar Johannesen Vidaregåande skule.

Bilde av Rebecca Bjørnø og Margit Magnesdotter Kostveit


Bilde av Ingrid Haugen

Ein stor og flott gjeng med engasjerte ungdomar, med innsikt og meiningar, diskuterte og debbaterte om litt av kvart. I øvinga "4 hjørne" var Telemarksungdomen svært einige i at ungdom i distrikta bør få lov til å ta førarkort på bil når dei er 17 år, og at bensin- og dieselbilar ikkje bør bli forbode innan 2030. Elles var dei òg forhaldsvis einige om at atomkraft er betre enn vindkraft. 

Ungdomane har brukt mykje tid på å arbeide med handlingsplanen til Telemark ungdomsråd desse dagane, her skal både by og distrikt famnast, og det er utruleg fint å sjå  korleis ungdom frå ulike kommunar i fylket arbeider saman, gjev kvarandre plass og lyttar til kvarandre. 

Stig Kolbjørnsen frå hovudutvalet i Telemark Fylkeskommune informerte om administrasjon og politikk, og opna deretter for spørsmål frå salen. Det blei ein god debatt med ungdomen kring mobilfri på vidaregåande skular, og ikkje minst om russetida.

Ungdomane har også gjennomført val av nye medlemar til Telemark ungdomsråd, med benkeforslag og det heile. 

Bilde frå Ungdomstinget i Bø 2024


 

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?