Eigenberedskapsveka 2024

Eigenberedskapsveka 2024 startar måndag 28. oktober. I løpet av Eigenberedskapsveka vil alle landets husstandar få ein brosjyre i posten. Den inneheld viktig informasjon om kva du kan gjera for å førebu deg på kriser.

Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke. I brosjyren får du konkrete råd om kva du kan gjera. Me oppmodar alle til å lese brosjyren og styrkje sin eigenberedskap!

Om eigenberedskapsråda

Eigenberedskapsråda som blir presenterte i brosjyren blei oppdatert i 2024. Dei blei lansert her, på sikkerhverdag.no i mai Lenke til et annet nettsted..

Hensikta med råda er at du skal vera i stand til å dekkje dei mest grunnleggjande behova i ein krisesituasjon: varme, ljos, drikke, mat, legemiddel, fyrstehjelp, hygiene og informasjon.

Bakgrunnen for dei oppdaterte råda er ei forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa. Andre viktige drivkrefter er klimaendringar som fører til meir ekstremvêr, og samfunnet si avhengigheit av straum, vatn og mobilnett.

Er du førebudd? 

Korleis vil du og dine nærmaste klare dykk dersom straumen blir vekke i ein lengre periode? Kva gjer du dersom vatnet forsvinn? Kva om du ikkje får handla på ei veke? 

Straumbrot kan gjera at det ikkje kjem vatn i springen, og føre til at kloakksystem, medisinsk utstyr, lading av elbil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskåp og utstyr til matlaging ikkje fungerer som normalt. 

Eigenberedskap handlar om å vera førebudd på slike situasjonar.  

Styrk eigenberedskapen din!  

God eigenberedskap er ei investering i tryggleik for deg og dine nærmaste.  I tillegg bidreg du til at styresmaktene kan prioritere dei som treng mest hjelp.  

Ved å vera førebudd for éi veke blir du betre i stand til å handtere alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. For ikkje å snakke om at du får betre tid på deg til å planleggje vegen vidare dersom krisa skulle bli langvarig.  

Hugs: Litt førebuing er mykje betre enn ingen!  

Les meir om og test din eigenberedskap her Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?