Opning av Tøyveskebiblioteket - ein pose bøker til heimlån

I Åmot barnehage har me eit stort fokus på høgtlesing og bøker. No har me fått vårt eige tøyveskebibliotek, der familiar kan låne ein pose med bøker som dei kan ta med seg heim.
Onsdag denne veka blei tøyveskebiblioteket høgtideleg opna, med snorklipping av kultursjef i Vinje Kristian Rantala, og høgtlesing av Lene Breidalen frå Vinje folkebibliotek. Frå barnehagen hadde Mari og Gunhild fått den viktige oppgåva med å halde snora på plass.
I ein travel kvardag er det ikkje alltid så lett å koma seg på biblioteket for å låne bøker. I tøyveskebiblioteket i barnehagen får familiar ein enkel måte å få bøker med seg heim. Biblioteket har valt ut bøker som eignar seg til høgtlesing og koslege lesestunder.
Det er Grethe Høydal i Åmot barnehage og Lene Breidalen frå Vinje folkebibliotek som er initiativtakarane til tøyveskebiblioteket i barnehagen.
Du kan lese meir om Tøyveskebiblioteket her Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert