Detaljregulering for E134 Vinjeflaten

Detaljregulering for GS-veg E134 Vinjeflaten vart handsama i plan- og miljøutvalet den 28.08.2024, sak 98/24 og Kommunestyret den 17.09.2024, sak 116/24.  Planframlegget legg til rette for kantforsterkning og gang- og sykkelveg langs E134 på Vinjeflaten. 

Kommunestyret vedtok å ta ut gang- og sykkelgveg frå Jodivegen og til Vinje kyrkje. Dette var ein såpass vesentleg endring at planen må ut på ny høyring og offentleg ettersyn før den vert teken opp til 2. gongs handsaming på nytt. Planen leggjast no på høyring og offentleg ettersyn.

Vedtaket i kommunestyret vart fylgjande:


Endringane i reguleringsplanen kan du lese om i endringsnotatet 24.10.24:

Endringsnotatet kan du lese her Pdf, 1016 kB.

Frist for innspel 

I høyringsperioden kan alle koma med skriftlege innspel til Vinje kommune. Innspel sender du til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje eller på e-post til postmottak@vinje.kommune.no, innan 29.11.2024. 

Meir informasjon 

Planframlegget og plandokumenta kan du sjå i kommunen sitt planregister, på tenestetorget - kommunehuset i Åmot eller du kan og kontakte oss på telefon 35 06 23 00. 
Lenke til planregisteret finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Heimel 

Framlegg til detaljregulering vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslov § 12-10.  

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?