Hald fokus - ikkje la deg distrahere når du køyrer bil!

Trygg Trafikk sitt tema i november er fokus på bilmodus!

  • Mobilbruk er ei kjent årsak til ulykker. Sjølv om handhaldt mobil under køyring blei forbode i 2000, klarar me framleis ikkje å la den vera.
  • Uoppmerksomheit, særleg knytt til bruk av mobiltelefon, er ein medverkande faktor til trafikkulykker.
  • Eit enkelt varsel kan vera nok til å distrahere deg i hundrevis av meter, og aukar risikoen for ei ulykke med 66%.
  • Når du aktiverer bilmodus på smarttelefonen, gjev du oss ei hjelpande hand i vårt mål om å senke ulykkesstatistikken i Noreg.

På Trygg Trafikk sine sider kan du lese meir om bilmodus Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?