Vinnaren av Vinje kommune sin nye arbeidsmiljøpris er Elin Hovden

Det er med stor glede me gratulerer Elin Hovden som vinnar av arbeidsmiljøprisen i Vinje kommune for 2024! 

I år deler Vinje kommune ut arbeidsmiljøprisen for fyste gong. Prisen blir delt ut til ei verksemd, ei avdeling, eit fagmiljø, ei gruppe eller ein enkeltperson, som aktivt har bidrege til å setje fokus på arbeidsmiljøet i kommunen vår. I år kom det inn 11 nominasjonar til prismottakarar.  

Årets vinnar

Elin Hovden er tilsett som hjelpepleiar ved Rauland omsorgsdistrikt, og blei nominert av fleire av sine kollegaer. Elin mottok prisen på kommunestyremøte 19. november. Arbeidsplassen til Elin, Rauland omsorgssenter, fekk 14.000 kr. dei kan bruke til arbeidsmiljøtiltak. 

Her er grunngjevinga frå kollegaene til Elin: 

«Elin møter kollegaene sine med med sitt gode og sprudlande humør, og smil om munnen kvar dag. Ho er flink til å rose og framsnakke andre, som igjen aukar motivasjonen og trivselen på jobb. Det gjer også at dagen bli lettare og tryggare.

For å inkludere alle ved heimetensta i Rauland lagar ho felles lunsj som bidreg til godt humør og at alle er saman. Det samlar både personell på omsorgssenteret og heimesjukepleia. Ho er flink og imøtekommande til vikarar, og innflyttarar til kommunen som er på norskopplæring. Det bidreg til at desse føler seg inkludert og sett i arbeidsmiljøet ved heimetenesta.

Alltid støttande når ein har ein dårleg dag og respekterer alle for den dei er. Det er ingen kjedeleg dag med Elin, ho har ein svært leikande side som sprer glede hos kollegaer og pasientar ved heimetenesta. Tek også initiativ til å samle personell på fritida med lønningsmiddag og starta tippelag for arbeidsplassen»

Juryens vurdering: 

"Elin er ein tilsett som står fram over all forventning og brukar mykje av seg sjølv i å lage gode dagar for sine kollegaer, brukarar og skapar eit godt arbeidsmiljø. Ho fyller alle kriteria for å få arbeidsmiljøprisen."

Juryen består av:

  • Jan Myrekrok, kommunedirektør 
  • Svein Ekre, hovudverneombod 
  • Liv S. Årlid, hovudtillitsvald i Fagforbundet  
  • Tone Hild Sørland Lyslid, HMS-rådgjevar 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?