Hugs å søkje om kultur- og idrettsstipend - frist 1. desember!

Har du talent innanfor kultur eller idrett, men treng litt hjelp for å koma vidare? Då vil me gjerne høyre frå deg! 

Vinje kommune deler kvart år ut eitt idrettsstipend og eitt kulturstipend på kr 25 000 kvar. Stipenda skal gå til ungdom mellom 16 og 25 år, som har eit talent eller interesse utanom det vanlege innan sport eller andre kulturaktivitetar.

Me ynskjer deg velkomen til å søkje!


Skjema for å søkje på kulturstipend finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Skjema for å søkje på idrettsstipend finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Søknadsfrist er 1. desember 

Du kan lese meir om kven som kan søkje i vedtektene for stipenda her. Åpnes i nytt vindu.


Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?