Varsel om minde endring av reguleringsplan for Holtardalen III - minde endring av føresegner
Bakgrunn
Vinje kommune tek opp ei sak om mindre endring av detaljreguleringsplan for Holtardalen III, Rauland, planID 20120005, vedteke i kommunestyret 22.05.2014, sak 14/36. Framlegg til endring blir sendt på høyring til rørte partar.
Saka blir tatt opp i samanheng med ei endring i reguleringsplanen for Holtarbakken, som er naboplanen til Holtardalen III. Begge planane blir tatt opp samtidig og blir sett i samanheng.
Vurdering
I føresegn punkt 8.1 i) i Holtardalen III står det at det er høve til å etablere totalt inntil 1000 bueiningar innanfor planområdet. Planområdet inkluderte ikkje eigedom 150/133 (Holtarbakken), som ligg midt inne i hyttefeltet (sjå figur 1).
I høve ny reguleringsplan på 150/133, Holtarbakken, vart det området frå administrasjonen si side tenkt som ein del av Holtardalen-området, og det vart dermed lagt inn ei føresegn om at Holtarbakken sine einingar skulle telje inn som ein del av grensa på 1000 einingar i Holtardalen III. Denne føresegna er ikkje gyldig då ein reguleringsplan ikkje kan ha juridisk innverknad på ein annan reguleringsplan. Det vert gjort ei eiga sak på Holtarbakken om endring av føresegner, slik at ein rettar opp i dette tilhøvet.

Holtardalen III er frå 2014, og er kome langt i utbygginga. Det er ikkje eit ynskje å fjerne tomter frå planen då dette er eit høgstandard hyttefelt med opparbeidd infrastruktur og VA. Ein vil heller sjå på klargjering av føresegnene, og lage ei avgrensing på antal einingar for fritidsbustader på 926, då er ikkje utleigeeiningar med i denne avgrensinga.
Kommunen tilrår då å avgrense antal einingar for fritidsbustader i Holtardalen III til 926, då er ikkje utleigeeiningar med i dette talet. Dersom det seinare vert søkt bruksendring frå utleigeeiningar til fritidseining vil dei telje med i talet på fritidseiningar.
All utbygging innanfor KDP Rukkemo-Torvetjønn avgrensa til godkjente reguleringsplanar. Til 2. gongs handsaming av Rukkemo-Torvetjønn i Kommunestyret 16.06.23, sak 46/2022 vart det vedteke fylgjande: «Den vidare utbygginga av fritidsbustader i planområdet blir avgrensa til dei reguleringsplanane som alt er vedtekne, dvs. 750 tomter». Tal på einingar innanfor Holtardalen og Holtarbakken gjeng ikkje ut over talgrunnlaget på 750 tomter.
Saka vil bli handsama som ein mindre endring, og endringa kan etter høyring bli vedteken av plan- og miljøutvalet.
Frist for innspel
Har du innspel eller kommentarar til planendringa må du sende dei til Vinje kommune, postmottak@vinje.kommune.no innan 06.01.2025.
Spørsmål
Har du spørsmål til saka, kan du ta kontakt med sakshandsamar på e-post asne.oygarden@vinje.kommune.no eller postmottak@vinje.kommune.no .
Heimel
Søknaden vil bli handsama som ein mindre endring, jf. plan- og bygningsloven § 12-14, 2. ledd.
Sist oppdatert