Varsel om mindre endring av reguleringsplan for Norheimstunet omsorgssenter
Kommunen er i gang med planlegging knytt til utviding av Norheimstunet omsorgssenter i Edland - planID 20180003. I det høve ser kommunen at plankart og føresegner i reguleringsplanen må endrast. Framlegg til endring vert sendt på høyring til grunneigar og berørte partar.
Bakgrunn
Endringane gjeld utviding av arealføremålet «Offentleg eller privat tenesteyting – BOP1», med tilhøyrande føresegner. Endringa er naudsynt for å utvide omsorgssenter slik det blir planlagt.
Reguleringsplanen for Norheimstunet omsorgssenter kan de sjå i kommunen sitt planregister.
Vurdering
Vedlagt ligg gjeldande plankart og føresegner, samt framlegg til endringar i plankart og reviderte føresegner. Endringane i føresegnene er merka med raud tekst og utstreking på det ein vil innstille på å ta ut. Det er og gjort enkelte redaksjonelle endringar i føresegnene etter innspel frå byggjesaksavdelinga.
Endringar i plankartet:
- Utvide offentleg eller privat tenesteyting - BOP1.
- Fjerne offentleg eller privat tenesteyting - BOP2.
- Fjerne parkeringsareal - SPP1, SPP2, SPP3, SPP4.
- Fjerne delar av køyreveg – SKV1 og SKV2.
- Fjerne friluftsføremål - LF1 og LF3.
- Fjerne anna veggrunn - AV2.
- Fjerne renovasjonsanlegg - BRE1.
- Fjerne byggjegrenser, men unntak av byggjegrense mot veg – krav i høve byggjegrenser i TEK17 blir fylgt opp i byggjesaka.
Alle føresegnene til dei arealføremåla som er føreslegne fjerna, er lagt inn under BOP1, ref. føresegn pkt. 4.02, slik at ingen føresegner vert fjerna frå reguleringsplanen. Resten av planområdet er det ikkje gjort endringar på.
Innanfor BOP1 skal innkøyring, naudsynt parkering for kundar/tilsette/HC sikrast, samt uteopphaldsareal, grøntareal, renovasjonsareal mm. synast i ein heilskapleg utomhusplan til byggjesaka. BOP1 nord i planområdet blir erstatta med føremålet park, og på den måten får ein sikre omtrent tilsvarande areal for park ved reguleringsendringa til uteopphaldsareal.

Figur 1. Før endring

Figur 2. Etter endring
Endringane har ingen påverknad for miljø, vatn/vassdrag, plassering, terreng eller omgjevnaden elles. Kommunen meiner endringane vil gjera det lettare å handsame søknadar, og gjera det meir føreseieleg for berørte partar innanfor planområdet. Alle føresegnene for dei arealføremåla som blir fjerna, blir tatt omsyn til ved at dei blir lagt inn under arealføremålet BOP1 – offentleg tenesteyting.
Sidan reguleringsplanen grensar mot fylkesvegen vert saka sendt på høyring til fylkeskommunen som vegeigar. Saka vert og sendt til Vinje kommune v/Helse, og verksemdsleiar for Norheimstunet omsorgssenter, for uttale.
Søknaden vil bli handsama som ei mindre endring, og endringa kan etter høyring bli vedteken av plan- og miljøutvalet.
Frist for innspel
Har du innspel eller kommentarar til planendringa må du sende dei til Vinje kommune, postmottak@vinje.kommune.no innan 06.01.2025.
Spørsmål
Har du spørsmål til saka, kan du ta kontakt med sakshandsamar Anne Sofie Bergene Strømme på telefon 48 11 84 29 eller e-post postmottak@vinje.kommune.no
Heimel
Søknaden vil bli handsama som ei mindre endring, jr. plan- og bygningsloven § 12-14, 2. ledd.
Sist oppdatert