Hels på UKM-crew 24/25!


UKM står for Ung Kultur Møtast. I haust annonserte me etter UKM-unge arrangørar. Det endte med eit lag på 12 ungdomar. Ungdomane er i alderen 13-17 år, og har teke på seg oppgåva å arrangere UKM for Tokke og Vinje. Dei ynskjer å kalle seg UKM-crew, istadenfor UKM-unge arrangørar, så då blir det slik!

Bilde av UKM-crew 24/25 (manglar fem personar på bilde)


UKM-crew møtest på ungdomsklubben i Åmot annankvar torsdag. Der et me pizza, har sosial moro, og arbeider med UKM. Målet er at UKM skal bli laga av og med ungdom, og det er me på god veg til å få til! 

Ungdomane er kreative, løysingsorienterte, dedikerte og har eit sterkt ynskje om å gjera UKM til ein sosial møteplass for ungdom. Dei arbeider både kreativt og strukturert, og har fått til mykje. Dei har skrive søknad om løyve til å stå stand på Fristadsenteret, skrive søknad på stimuleringsmidlar frå UKM sentralt, idemyldra kring UKM-arrangementet på Vinjehuset i mars, og laga ein flyer for å vise kva UKM er. På nyåret ynskjer me å reise på befaringsturar til andre UKM-unge arrangørar i Telemark, det gler me oss veldig til! Kan hende nokon frå crewet vil vera med å arrangere UKM-Fylkesfestival i april også?

Ynskjer du å vera med i UKM-crew? 

I dag har me ungdom frå Åmot og Haukeli i crewet vårt. Me saknar deltakarar frå Øyfjell og Rauland, og ikkje minst frå Tokke kommune. 

Om du kan tenkje deg å blir med, kan du ta kontakt med UKM-ansvarleg i Vinje: Stine B. M. Ljostad, på telefon 90 87 31 94, eller UKM-ansvarleg i Tokke: Jan Olav Hemsing, på telefon 90 72 49 81

Lurer du på om ungdomane klarte å fiske til seg litt stimuleringsmidlar, så er svaret JA 😀 Me fekk 27. 000 kr til å forankre UKM-unge arrangørar  i Tokke og Vinje, og få til UKM-samarbeid mellom Tokke og Vinje.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?