Opningstider i jola

Kommunehuset

Ope 23. desember fram til kl. 14.00

I romjola er telefonen open 27. og 30. desember frå kl 10.00-14.00. Dørene på kommunehuset er stengt desse dagane, men om du har ei avtale med nokon på huset kan dei møte deg ved inngangen.   

Stengt 1. januar 2025.

Symjehall

I romjola er bassenga i Edland, Rauland og Åmot ope som vanleg 27. og 28. desember. 
Stengt 23. og 30. desember, og 1. januar. 

Styrkerom

  • Rauland
    Ope som vanleg 23., 27., 28. og 30. desember. 
    Stengt 1. januar 2024.
  • Åmot
    Ope som vanleg 27. og 28. desember. 
    Stengt 23. og 30. desember og 1. januar 2024.

Biblioteket

Biblioteket er stengt i romjola. Siste dag det er ope for publikum er laurdag 21. desember.
Etter nyttår opnar me att torsdag 2. januar. 

Legekontor

Legekontoret i Åmot har vanleg opningstid på kvardagane i jola, men øyeblikkeleg hjelp blir prioritert. Joleftan og nyttårseftan stenger legekontoret kl. 12.00. Kontora på Rauland og Edland har jolestengt. 

Det kan vera lurt å fornye reseptar i god tid før jol.  

Legevakta er døgnopen for akutt behov for helsehjelp, også på heilagdagane i jola. 
Telefon 35 06 25 55 eller 116 117.

Tannlege

Vinje tannklinikk er stengt i romjola. Siste opningsdag før jol er 20. desember, fyrste opningsdag etter jol er 2. januar. 
Ved behov for akutt hjelp dei andre dagane, kan du kontakte Grenland tannlegevakt tlf. 90 91 33 77. 

Renovasjon

Avfallsmottak på Hovdestadmoen er ope 27. desember kl. 09.00 - 13.00. Det er ikkje henting av avfall i veke 52. 
Anna nyttig informasjon finn du på heimesida til Renovest Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Me ynskjer alle ei god jol og eit godt nytt år !

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?