Gode erfaringar med "førebyggjande helsesamtaler" i Vinje

No er det fyrste året med “førebyggjande helsesamtale” gjennomført i Vinje. Det har vore god oppslutning om tilbodet, og tett opp mot 80 % av dei som har fått invitasjon har takka ja til samtala. Me har hatt flotte møte med fleire av innbyggjarane i kommunen vår.

Me er klare for å ta fatt på eit nytt år og nye møte, og ser fram til å treffe ein ny årgang med 75-åringar i 2025!

Invitasjonar vil bli sendt ut fortløpande frå januar og utover.

Kontakt 

Om du har spørsmål kan du ta kontakt med Marianne Eriksen, på telefon 90 91 44 69, eller med Åsne S. Rorgemoen, på telefon 90 55 96 24

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?