Bruk av fyrverkeri på nyttårsaftan


Me ynskjer at alle skal få ei trygg og god nyttårsfeiring! 

Bruk av fyrverkeri er berre tillate for privatpersonar på nyttårsaftan mellom kl. 18.00 og 02.00. 

Fylg desse gode råda for ein sikker og skadefri kveld:

  1. Førebu fyrverkerioppskytinga i god tid.
  2. Les bruksanvisning nøye før bruk.
  3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada.
  4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte.
  5. Bruk tennstav. Unngå lighter, fyrstikker eller annan open flamme. Du får kjøpt tennstav der du kjøper fyrverkeri. 
  6. Bruk beskyttelsesbriller. 
  7. Bøy deg aldri over fyrverkeri som er tent på. 
  8. Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved fyrste forsøk.
  9. Hald god avstand til oppskytinga
  10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman. 

Les meir om trygg bruk av fyrverkeri på sikkerhverdag.no  Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Me vil ynskje alle ei trygg og god nyttårsfeiring!


Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?