No har meir enn 3 500 lasta ned appen i Vinje - og me ynskjer oss stadig fleire! Så tips gjerne ein nabo, ein slektning, eller ein kollega om å laste ned appen! Vinje kommune brukar innbyggjarappen Civis for å informere om aktuelle saker, og dele fine historiar frå kommunen vår. Har du forbetringsforslag om appen, eller treng hjelp til å laste ned Civis på din telefon? Stikk innom oss på Tenestetorget på kommunehuset i Åmot, eller ring oss på telefon 35 06 23 00. Appen er gratis, og du vel sjølv kva for kategoriar du ynskjer å få informasjon om