Kunngjering av vedteken plan – E134 Bøgrend - Særensgrend

Vinje kommune kunngjer med dette at detaljregulering for E134 Bøgrend - Særensgrend, plan ID 20220003, er vedteke i kommunestyret den 17.12.24, sak 169/24.  

Planområdet omfattar ein strekning på omlag 3,0 km frå Bøgrend til Særensgrend. Målet med planarbeidet er auka trafikktryggleik for alle trafikantgrupper, betre framkome for person- og tungbilar og reduksjon av klimagassutslepp mv. 

Meir informasjon 

Plandokumenta kan du sjå her i kommunen sitt planregister.  Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.  

Klage på vedtaket 

Dersom du har klagerett kan du koma med skriftleg klage til Vinje kommune. Klaga sender du til Vinje kommune, Vinjevegen 192, 3890 Vinje, eller på e-post til postmottak@vinje.kommune.no, innan 10.02.2025. Dersom kommunen ikkje tek klaga til fylgje, blir klaga sendt til statsforvaltaren. Statsforvaltaren tek endeleg stilling til klaga. 

Heimel 

Detaljregulering for E134 Bøgrend - Særensgrend vart vedteke i medhald av plan- og bygningslova § 12-12. Klagerett etter plan- og bygningsloven §§ 1-9 og 12-12, jf. forvaltningsloven kap. VI. 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?