Handverkskurs i Vinje kulturskule

Me ynskjer at fleire ungdomar skal få lære seg eit handverk. Difor har Vinje Kulturskule tinga fire plassar på vevkurs i Rauland husflidslag. Det gjer at ungdom i alderen 14-18 år får kurset gratis. 

Kom i gang med veving

Tid

  • Laurdag 25. januar, kl 10 – 15
  • Sondag 26. januar, kl 10 – 15 
  • Torsdag 30. januar, kl 17 – 20 
  • Laurdag 1. februar, kl 10 – 15
  • Sondag 2. februar, kl 10 – 15
  • Torsdag 6. februar, kl 17-20 

Stad

Vevsalen, Dyre Vaa huset, Rauland 

Lærar

Ann Mari Jore og Anne Margit Barstad 

Arrangør

Rauland Husflidslag

Innhald i kurset

  • Du vil få innsikt i kva det er å veve.
  • Forstå ei vevoppskrift
  • Oppsetting av vev, renning, tre i sveipeskei, påsveiping, tre i hovel, framknyting, nedknyting, spoling og veving 
  • Forslag til ting du kan veve er: skjerf, handkle, putetrekk, golvrye
  • Kurset er eit nybyrjarkurs og vil høve for nybyrjarar og dei som kan litt
  • Det er viktig at alle blir ferdig med sitt prosjekt i starten av februar, då vevsalen er opptatt frå 24. februar

Kursavgift

Vinje kulturskule dekkjer kursavgift for ungdom i alderen 14-18 år. Me har tinga 4 plassar og du melder deg på til rektor i Vinje kulturskule: 
Stine Beate Mondal Ljostad
Telefon: 90 87 31 94 
E-post: stine.ljostad@vinje.kommune.no

Kostnad for materiale

Du må betale for garn til tinga du vevar, prisen kan variere frå kr 300 til kr 1500. Dette betalar du til Rauland Husflidslag. 


Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?