Friluftslivets år 2025!

2025 er Friluftslivets år! Laurdag 18. januar startar markeringa av året med “Heile Norge bålar”.
Edland barnehage tjuvstarta markeringa av “Heile Norge bålar” i dag, då dei tok med alle barna i barnehagen ut i gapahuken til skulen. Der fyrte dei i bålpanna, og matansvarleg Arnulf serverte grønsakssuppe som barna hadde kutta grønnsakene til.
Les meir om friluftslivets år her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
På aktivitetskalenderen "Kva skjer" kan du sjå kva som skjer i Vinje, også i Friluftslivets år, og du kan registrere arrangement sjølv.
Sjå oversikten på Kva skjer her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.



Sist oppdatert