Det er mogleg å få
• rettleiing til bruk og stell av høyreapparat
• søking av tekniske hjelpemiddel
• audiogram, avtrykk til propp samt tilpassing og oppfylging av høyreapparat
• nytt høyreapparat for tidlegare brukarar
Det er eigenandel etter Sykehuset Telemark sine takstar for brukarar som ikkje har frikort eller bur på institusjon.
Ta kontakt med høyrselkontakt for timeavtale med audiograf.
Sjukehuset Telemark og Vest-Telemark kommunane har ei ordning med ambulerande audiograf ein dag i månaden. Dei som har forflyttingsvanskar, høg alder eller er sjuke blir prioritert. Audiografen nyttar lokala ved helse- og omsorgsentra.