Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Velkomen til nye nettsider:

For å kunne sjå og nytte desse sidene best mogleg anbefalar me at du brukar til dømes Chrome, Firefox eller Edge som nettlesar. 

Berunuten vest

Vinje kommune er eigar av den store fjelleigedomen Berunuten Vest som ligg nord for Songavatn. Eigedomen på omlag 90 000 daa kjøpte Vinje kommune av brukseigar Treschow i 1979.

Med dette kjøpet ville kommunen opne ein bit av dei store fjellviddene for bruk til jakt, fiske og anna friluftsliv for ålmenta. Desse områda var, og er, for ein stor del private og utanbygds eigde. Sportsfiske, garnfiske, småviltjakt, friluftsliv og dei 7 hyttene på eigedomen er for alle.