Vinje folkebibliotek består av hovudbiblioteket i Åmot og to filialar på Rauland og Edland i kombinasjon med skule. Filialane er per i dag betent éin dag i veka, og hovudbiblioteket frå tysdag til laurdag.
Kven søkjer me etter?
Me søkjer ein kollega som kan bidra til å fornye og styrke biblioteket sitt tilbod, og vere med på å sikre befolkninga ein best mogleg brukaroppleving. Me ser etter deg som evnar å tenkje nytt og kreativt, som likar å formidle litteratur, og som kan formidle biblioteket sitt tilbod på nye og innovative måtar. Du er oppteken av biblioteket som ein inkluderande møteplass og arena for oppleving, opplysing, deltaking og demokrati. Du har fokus på brukaren, og trivast godt med publikumskontakt i biblioteket. Du jobbar sjølvstendig og tek gjerne initiativ til samarbeid med andre aktørar. Du er fleksibel, og taklar utfordringar på ein konstruktiv måte. Som del av arbeid på filialane inngår kontakt og samarbeid med skuleverket og lærarane. Det må reknast med noko ettermiddags- og helgearbeid.
Arbeidsoppgåver:
- Inngå i biblioteket si vaktordning på hovudbiblioteket i Åmot.
- Ansvar for filial på Rauland som er kombinasjonsbibliotek med skule.
- Drive aktivt med formidling og marknadsføring av bibliotekets tilbod i ulike kanalar.
- Utvikle biblioteket som møtestad, debatt- og kulturarena gjennom ulike arrangement.
- Bidra til samlingsutvikling og innkjøp av litteratur.
- Andre bibliotekoppgåver knytt til dagleg drift.
Kvalifikasjonar:
- Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap eller tilsvarande relevant utdanning
- God digital kompetanse
- Formidlings- og rettleiingskompetanse
- Kunnskap og erfaring med sosiale medium
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk
- Førarkort klasse B. Det er ein fordel om du har eigen bil
Det er i tillegg ynskjeleg at den som søkjer har:
- Erfaring frå bibliotek
- God, oppdatert kompetanse på litteratur generelt.
- Kjennskap til biblioteksystem. Vinje folkebibliotek nyttar Quria
Personlege eigenskapar:
- Serviceinnstilt
- Imøtekommande
- Fleksibel
- Løysningsorientert
- Sjølvstendig, men jobbar godt saman med andre
Me tilbyr:
- Variert arbeidsdag
- Godt arbeidsmiljø og hyggjelege kollegaer
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter avtale
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknaden må du sende på elektronisk skjema. Lenke til skjema finn du her