I medhald av §§ 12-3 og 12-8 i Plan- og bygningslova varslar vi at det skal setjast i gang omregulering av eksisterande detaljplan for Bjønnskardhaugen. Frist for å koma med innspel er sett til 28. april 2017.

I 2008 vedtok Vinje kommune detaljplan for området. Berre ein liten del av området er realisert. Ny kunnskap og nye forventningar i marknaden gjer det aktuelt å revurdere dagens detaljplan. Føremålet er difor å vurdere planen på nytt opp i mot dagens marknad og på same tid finne ut om det er mogleg å fortette området. Vedlagt den juridiske planen (detaljplankartet) vil det verte utarbeidd teknisk plan for VVA. Det er halde oppstartsmøte med kommunens planetat og det er gjeve klarsignal for å sette i gang arbeid med ei omregulering.

I samarbeid med kommunens planavdeling har forslagsstillar vurdert tilhøvet til kravet om KU. Partane har kome fram til at planarbeidet ikkje vil utløyse slikt krav, jfr. Føresegna om KU og omfangkriteria i høve til §§ 2 og 3 i føresegna. Konsekvensane av den nye planen vil verta utgreidd tilstrekkeleg i ei ordinær planutgreiing.  

Samstundes med at det vert starta opp detaljplanarbeid, vert det også innleidd forhandlingar om Utbyggingsavtale. Denne avtala skal regulere tilhøva mellom utbyggjar og kommunen omkring vilkåra for å gjennomføre tiltaka som den nye planen vil utløyse.

 

Dokument

Varsling - brev
Varselbrev
Plangrense