Refleks er den billigaste livsforsikringa du kan ha!

Bruk refleks så du blir synleg i trafikken. Me anbefaler at du brukar refleks som bevegar seg når du går, og at du brukar to refleksar, slik at du er synleg frå fleire kantar. Me blir stadig flinkare til å bruke refleks i mørket. Snart brukar halvparten av oss refleks, men Trygg Trafikk håpar at langt fleire prioriterer refleksen i mørket i tida framover. 
 
Reflekstips
  • Fest refleks på alle jakker og vesker
  • Bruk refleks som bevegar seg når du går, då synest du best
  • Bruk minst to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar
  • Heng refleksen i knehøgde eller bruk refleksband

Les meir om refleksbruk på Trygg Trafikk si nettside her 

Vinje kommune er ein trafikksikker kommune. Du kan lese meir om trafikksikker kommune her