Kommunestyre vedtok 15.09.22 å gje eit tilskot til bygging eller kjøp av bustad i Vinje kommune.
Ordninga er behovsprøvd og er meint som eit tilskot til dei som manglar eigenkapital for å skaffe seg eigen bustad.

Ordninga om kommunalt bustadtilskot er for privatpersonar som møter desse inntektskriteriane:

  1. Husstandar med ei inntekt: Øvre brutto årsinntekt på kr 640.000. 
  2. Husstandar med to inntekter: Samla øvre brutto årsinntekt på kr 854.000.
  3. Inntektsgrensene blir indeksregulera årleg.
  4. Personar som bur åleine samt aleineforeldre med små born skal prioriterast.

I søknaden må du laste opp dokumentasjon på inntekt, lånetilsagn frå bank eller anna dokumentasjon på bustadfinansiering.
Kriteriane for å søkje stend på framsida av søknaden.
Lenke til søknadsskjema finn du her