Vinje kommune inviterar til bygdemøte på Møsstrond. Møtet blir på grendehuset på Hovden 14. Oktober kl. 16.00, og er i hovudsak retta mot fastbuande. Det blir enkel servering.
Tema for møtet:

  • Oppfylging frå førre møte på Mogen
  • Villreinen og kondisjon - gjesteforelesar
  • DNT og bruk av Mogen turisthytte
  • Prøvebustadar
  • Søknad om dispensasjon frå manøvreringsreglementet for Møsvatn frå ØTB
  • Kommuneplanens arealdel og samfunnsdel – her blir det gruppearbeid
  • Ymse.

Det er sett opp båtskyss frå Varlandbrygga til Hovden med avreise frå Varland kl. 15.30!