COM3 er eit interregionalt EU-prosjekt, med deltakarar frå landa i Nordsjø-regionen, det vil seie Danmark, Nederland, Tyskland, Belgia, Storbritannia, Sverige og Noreg. Namnet COM3 står for «Building competencies for competitive companies». Det overordna målet med prosjektet er å styrke kommunar, fylke og regionar si rolle som støttespelarar for det lokale næringslivet, i første rekke når det gjeld kompetanse innan digitalisering. Vinje kommune er ein av deltakarane i prosjektet, med Universitetet i Søraust-Noreg (USN) som partnar. Gjennom prosjektet ønskjer kommunen å ta ei meir aktiv rolle som støttespelar for næringslivet, og slik medverke til at verksemdene kan drive godt og utvikle seg vidare. Prosjektet varar ut 2022.

13 verksemder i Vinje medverkar i gjennomføringa av prosjektet. Verksemder som ønskjer å vite meir eller ta del i prosjektet kan ta kontakt med prosjektleiaren (sjå boks med kontaktinformasjon).