Me ynskjer ei reiselivsnæring som gjev positive verknader for lokalsamfunnet vårt og regionen vår.

Vest-Telemark skal vere ein god stad å bu, og ein god stad å besøke– i dag og i framtida.

For å få til den utviklinga me ynskjer saman, er di meining viktig!

Bruk lenka eller QR-kode for å kome til undersøkinga:

https://response.questback.com/visittelemark/innbyggjar2023

________________________________________________________________________

Reiselivet i Vest-Telemark arbeider for å kvalifisere seg til merkeordninga Berekraftig reisemål for fyrste gong.

Som ein del av merkeordninga blir det utført innbyggarundersøking for å kunne få viktig informasjon om innbyggaren si oppleving av reiselivet i kommunane.

Vest-Telemarkrådet eig prosjektet, og Visit Telemark er prosjektansvarlege. Alle dei seks kommunane i Vest-Telemark (Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke, Vinje) har fatta vedtak i kommunestyra om å vere ein aktiv bidragsytar for å kvalifisere til Merket for Berekraftig reisemål. Styringsgruppa består av representantar frå kommunane, reiselivsnæringa, næringslivet, frivillig sektor og destinasjonsselskap.