Demenskoordinator

Dette er demenskoordinatoren sine oppgåver:

  • Vera eit bindeledd mellom deg som har kognitiv svikt /demens, dine pårørande og hjelpeapparatet
  • Vera eit lågterskeltilbod, «ei dør inn»
  • Koma på heimebesøk
  • Kartlegge hjelpebehov og legge til rette for tilbod om oppfylgjing i heimen
  • Gje informasjon, råd og rettleiing til deg med kognitiv svikt /demens og dine pårørande
  • Arrangere pårørandeskule
  • Tilby samtaler,- individuelt og i grupper
  • Ha oversikt over relevante tilbod og tenester i kommunen
  • Ha ei aktiv i rolle i det kommunale tilbodet «Aktivitetsven»,- som er ei nasjonal satsing av Nasjonalforeningen for folkehelsen https://nasjonalforeningen.no/tilbud/aktivitetsvenn-for-personer-med-demens/
  • Delta i fagutvikling og rettleie personale som arbeider med personar med kognitiv svikt /demens
  • Tilby koordinering av tenester
  • Bistå lege i utgreiing av demenssjukdom
  • Samarbeide med fastlegar, Koordinerings – og Tildelingskontoret, avdelingsleiarane i Heimetenestene og langtidsavdelinga ved Vinje Sjukeheim, demenskontaktar i Heimetenestene, ergoterapeutar, dagtilboda i kommunen, og demenskoordinatorar i nabokommunar.

Primærhelseteam

Primærhelseteam er ei tverrfagleg gruppe som skal arbeide saman for å gi god oppfølging til innbyggarane på fastlegen si liste. Kjernen i teamet består av fastlegen saman med sjukepleiar og helsesekretær. Teamet jobbar ut frå pasienten sine behov og samordnar dei helse- og sosialtenestene som pasienten treng.