Føremålet med planarbeidet er å vurdere trafikal struktur, skaffe heimel til utviding av helsesenteret og regulere ein universelt utforma sti mellom Åmothaugen og Ormetjønn-området. Planavgrensing synast i vedlagde kart.

Helsesenteret treng meir areal og ein vil vurdere eit nybygg i området til Bratlands forretning. I samband med dette vil ein sjå på korleis køyre- og parkeringsmønsteret kan utformast. Ein vil vurdere bruk av parkeringskjellar under nybygg. Auka tilgjenge, arealeffektivitet og trafikktryggleik er viktige faktorar her. Samstundes skal ein knyte Åmothaugen vest betre saman med austre del av sentrumsområdet med gode gangsamband. Målet er å redusere behovet for køyring internt i sentrumsområdet. Ein vil plassere ein rullestolvenleg sti frå sentrum ned til Ormetjønn i tråd med skisseprosjekt frå 2017.

Det er fire gjeldande reguleringsplanar i området. Ein heimlar planarbeidet i kommunedelplanen for Åmot sentrum. Her er planområdet sett av til arealbruksområde «noverande forretning, offentlege bygningar, LNF-område og verdifullt friluftsområde». Det vil vere mindre avvik mellom KDP og føremåla i reguleringsplanen.

Planleggjar har i samsvar med §4-2 PBL vurdert trongen for ei handsaming av planen etter Forskrift om konsekvensutgreiingar for planar etter Plan- og bygningslova frå 2017 og konkludert med at planarbeidet ikkje fell inn i det saklege verkeområdet til forskrifta. Vinje kommune heldt i 2016 oppstartsmøte for planarbeidet.

Planarbeidet blir starta opp att omgåande. Planleggjar vil ha dialog med direkte råka partar.

Dokumenter i saka finn du på arealplaner.no