Barnehagekvardagen i Edland er fylt med humor og glede, vennskap og trivsel for både store og små. I gangane og på avdelingane møter du musikk, latter, glede, humor, rare sprell og kule aktivitetar. 

Me er ein god gjeng med omsorgsfulle og tydelege tilsette, som er til stades og møter barn, foreldre og kvarandre med åpenhet og respekt. Me har ein visjon om at saman skapar me trygge og robuste barn og vaksne. 

Barnehagen har 4 avdelingar, som held til i rolege og naturskjønne omgivelsar. Me har skog, jorde, fotballbane, sykkelbane og ljosløyper rett utanfor døra. Gymsal, svømmebasseng og bibliotek ligg ein kort spasertur unna. Me brukar nærområdet aktivt, og både barn og tilsette er glade i å vera mykje ute. 

Leiken har ein stor og sentral plass i Edland barnehage. Leik skapar humor og glede, og utviklar fantasi. Leik gjev grobotn for venskap, og er viktig for barnas språk- og sosiale utvikling.