Småskuletrinnet
1.-2. trinn går på skulen fire dagar i veka, dei har fri på torsdag. 3.-4. trinn går på skulen fem dagar i veka, dei har fri torsdag i oddetalsveker. Me satsar på uteskule, lesing i alle fag og eit godt og inkluderande læringsmiljø i alle fag.
SFO er for 1.-4. trinn.
Mellomtrinnet
5.-7. trinn går på skulen kvar dag, men har fri torsdag i oddetalsveker.
(7. klasse er på skulen kvar 6. torsdagar der dei har naturfag). 7. klasse er på leirskule kvar vår i veke 22.
Me har kvart år leseprosjekt og arbeider for eit godt og inkluderande læringsmiljø i alle fag.
Ungdomstrinn
8.-10. trinn går på skulen kvar dag. Dei har kortare friminutt enn mellomtrinnet. Ungdomsskulen har i år valfaga innsats for andre og natur og miljø – Jegerprøva. 8. klasse er på vinterleirskule til Songa kvar vinter. 10. klasse er til Polen tidleg på hausten, der ein sjølvsagt del av dette er inkluderande skulemiljø.