Kva er etablerarkontoret

I Telemark har alle kommunane ei førstelinjeteneste som er gratis og som vil gje deg gode råd slik at du kan gå frå idé til ny verksemd. 
I Vest-Telemark er det Telemark Næringshage AS som leverer denne tenesta til Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord, Nissedal og Fyresdal.

 

Kva får ein hjelp til

Du kan mellom anna få svar på spørsmål og gode råd om å starte bedrift, velge selskapsform, forretningsmodell, ta over gardsbruk, stifte aksjeselskap, gründerhjelp, søke stønad, lage budsjett, undersøke marknad, beregne investeringar, og mykje, mykje meir; - heilt gratis frå din kommune i Vest-Telemark.

Første kontakt og kartlegging

Telemark Næringshage vil levere tenesta på tvers av den varierte kompetansen våre rådgjevarar har, men Thomas Berstad har overoppsyn for tenesta, og første kontakten med etablerarane.
Me vil legge vekt på at den første kontakten, enten på telefon, epost eller drop-inn blir veldig imøtekommande, men at me hentar inn mest mogleg informasjon fra etablaren, slik at me kan hjelpe mest mogleg effektivt.


Ein del av den første kontakten blir nytta til å registrere/ kartelegge behov ved hjelp av denne lenka: (Det tek 5 – 10 minutt å fylle ut) 

Etablerarkartlegging
Denne er laga for at me skal kunne hjelpe deg som etablerar mest effektivt.
Dersom nokon ikkje har tilgang på pc, så får du hjelp til å fylle ut.
Basert på denne kartlegginga vil me fordele etablerarane mellom rådgjevarane våre, basert på erfaring og kompetanse.

Hjelpa

Etter at kartlegginga er gjort så avtalar me saman med etableraren, vegen vidare for kontakten.
Her vil me gjere kontakten så individuelt tilpassa som mogleg. Nokre vil foretrekke eitt møte, andre treng kanskje råd over telefon eller epost.

Denne delen av tenesta ser me føre oss å levere innanfor to veker frå første kontakt, med mindre etableraren ønsker anna, eller har særskilte behov.

Drop-in kontor

Me har drop-inn kontortid lokalt i kvart kommunesenter, ein dag annakvar veke

Me er sjølvsagt å treffe i kommunesentra på andre tider etter avtale, eller i Telemark Næringshage kvar vekedag.

Tid til kvar

I gjennomsnitt har vi ca 3 timer tjeneste per etablerar.
Men det er viktig å framheve at ved trong vil me ha meir tid til dei som treng det.

Oppfølging

Alle etablerarar vil få oppfølging etter 3 månader. Her vil me prøve å yte litt meir hjelp dersom nokon fortsatt står «heilt fast».