Bankane og Vipps har laga ei løysing for mottaking av fakturaer som har skapt ein del spørsmål og trøbbel. 

Bankane/Vipps har laga ei løysing for generell aksept av eFaktura, og mange kundar er påmeldt denne "Alltid eFaktura/ Ja takk til alle" (JTTA) løysinga gjennom Vipps. Dette skjedde etter ei oppdatering av Vipps appen i 2019. Difor opplever nå mange som tidlegare har motteke fakturaer i posten å få fakturaer på eFaktura/Vipps i staden.  

Dersom du betalar nokon andre si reikning og har godteke JTTA løysinga til Vipps vil du motta framtidige reikningar (eFaktura) frå denne spesifikke utsendaren. Denne typen "avtalefangst" blir praktisert litt ulikt mellom bankane. 

Korleis løyse dette?

Ein kan slette avtale om eFaktura i nettbanken sin, også bør ein sjekke innstillingane i Vipps. 

 

Du kan lese meir om dette på nrk.no:

https://www.nrk.no/norge/vipps-lager-efaktura-avtaler-pa-kunders-vegne-uten-at-de-vet-om-det-1.14622068

https://www.nrk.no/norge/far-andres-regninger-i-egen-nettbank-_-finanstilsynet-varsler-gjennomgang-1.14629282