Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Familievernkontoret Øvre Telemark

Telefon:  35 06 88 50

Familievernkontoret er ope og tilgjengeleg for alle. Du treng inga tilvising for å kome til oss. Tilbodet er gratis.

Bestill time: 35 06 88 50
Telefontider: 08:30-15:00
E-post: familiekontoret.ovre.telemark@bufetat.no

Merk! Ver venleg å vere varsam med personopplysninger hvis du kontaktar oss per e-post.

Opetider: alle vekedagar frå kl. 08:30 til kl. 15:00

Besøksadresse: Brøløsvegen 51, 3840 Seljord

Vi har og kontor i:

  • Rjukan, Psykiatriens hus, Storgata 7, 3660 Rjukan
  • Notodden, Barne- og familiesenteret, Skolegata 11, 3674 Notodden

Du kan ringe oss for råd og rettleiing. Vi tilbyr og videokonsultasjon. Fysiske møte må avtalast på førehand per telefon.

Kontoret dekkjer kommunane Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke, Vinje, Seljord, Midt-Telemark, Notodden, Hjartdal og Tinn.

Kontoret er del av Stiftelsen Kirkens Familievern. Alle familievernkontor arbeider etter same lovar og reglar.

Familievernkontoret har som mål å tilby meklingstime innan 3 veker frå tinging. I andre saker – som par- og familieterapi og foreldrerettleiing – har vi som målsetjing at ventetida ikkje skal vere meir enn fire veker. I desse sakene vil par med barn verte prioritert.

Vi som jobbar på familievernkontoret, er psykologar, pedagogar, teologar og sosionomar med videreutdanning i familieterapi. I tillegg har vi kontorfagleg tilsette. Alle som jobbar hos oss, har teieplikt.

Se alle kurs for dette kontoret