Byte fastlege

Dersom du ikkje er nøgd med fastlegen din, kan du bruke retten til å skifte. 
Du har rett til å skifte fastlege inntil to gonger kvart kalenderår.

På Helsenorge sine sider kan du søkje etter ein fastlege som du ønskjer å bruke. Du kan òg setje deg på venteliste dersom fastlegen du ynskjer ikkje er ledig.

Dersom du flytter frå ein kommune til ein annan, må du melde flytting til Folkeregisteret. 
Du får eit brev frå Helsenorge om fastlegar som har ledig plass på lista i den nye kommunen. Du kan velje ein av dei, eller halde fram hjå den fastlegen du allereie har.

Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at bytet er registrert. Du får eit brev som stadfestar at du har fått ny fastlege.

Har du ikkje internett, ring Helsenorge på telefon 23 32 70 00. Ha fødselsnummeret ditt (11 siffer) klart før du ringer. 
Dei opplyser om tilgjengelege fastlegar, og set deg på lista til den fastlegen du ynskjer deg, så sant legen har ledig kapasitet.

Generelt

Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein namngjeven, allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og prioritere desse framføre personar som ikkje står på lista til legen.

Fastlegen skal òg hjelpe deg med å velje behandlingsstad dersom du skal få behandling på sjukehus.

Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Du kan også fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel. Dersom du har foreldreansvar for born under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt. Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din, men du må bruke sjukeheimslegen så lenge du bur der.

Målgruppe: Alle som bur i Noreg. 
Personar med D-nummer som ikkje er asylsøkjar, har ikkje rett til fastlege.

Pris: Du betalar eigenandel. Dersom du bestiller time per SMS eller via internett, skal du ikkje betale noko ekstra for det.