Forskikring for barn i barnehage og skule

Vinje kommune ynskjer å gje ut informasjon til foreldre og føresette omkring kollektiv ulykkesforsikring for born i skular og barnehagar. Under vil vi kome inn på dekning, erstatningsnivå med meir. Forsikringa gjeld plutseleg og uføresett ulykke som gir betydeleg og varig mein.

Når og kvar forsikringa gjeld: 

Innanfor skulens/barnehagens område under ordinær skule-/barnehagetid 
Under deltaking i undervisning, leikar, idrettsøvingar, ekskursjonar, stemner, reiser m.m. som føregår under skulens/barnehagens leiing 
På direkte veg til og frå skule/barnehage 
Under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet som ein del av undervisninga. 

Kva forsikringa dekkjer: 

Ulykke som fører til varig medisinsk invaliditet, maksimalt 5,0 G 
Dødsfall som fylge av ei ulykke 0,5 G 
Samlet erstatning ved invaliditet og død, maksimalt 5,0 G 

1 G (grunnbeløpet i folketrygda) utgjer pr. 1. mai 2004 kr. 58 778,-. 

Behandlingsutgifter: 

Utgifter i samband med behandling etter ei ulykke, t. d. tannbehandling, fysikalsk behandling føreskriven av lege eller reise til og frå heimstaden for behandling eller forpleining i sjukehus kan dekkast heilt eller delvis. 

Behandlingsutgifter betalast i inntil 2 år frå skadedagen avgrensa til 5 % av forsikringssummen, det vil seie 0,25 G. Frå desse erstatningane trekkast ein eigenandel på kr 500. Ta vare på alle kvitteringar! 

Kva forsikringa ikkje dekkjer: 

Forsikringa omfattar blant anna ikkje ulykkesskader som skuldast bruk av rullebrett eller rulleskøyter, dersom skaden skuldast manglande bruk av sikkerheitsutstyr. 

Læringsplakata

Skulen skal:
1. Gje alle elevar likt høve til å utvikle evna og talenta sine individuelt og i samarbeid med andre.
2. Stimulere elevane si lærelyst, uthald og nyfikne.
3. Stimulere elevane til å utvikle eigne læringsstrategiar og evne til kritisk tenking.
4. Stimulere elevane i deira personlege utvikling og identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståing og demokratisk deltaking.
5. Leggje til rette for elevmedverknad og for at elevane kan ta medvetne verdival og val av utdanning og framtidig arbeid.
6. Fremje tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar.
7. Stimulere, bruke og vidareutvikle den einskilde lærar sin kompetanse.
8. Bidra til at lærarar og instruktørar framstår som tydelege leiarar og førebilete for born og unge.
9. Sikre at det fysiske og psykososiale arbeids- og læringsmiljøet fremjer helse, trivsel og læring.
10. Leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre foreldre/føresette medansvar i skulen.