Kommunal straumstøtte for næringslivet - 4. kvartal 2022

Vinje kommune har i andre og tredje kvartal 2022 støtta lokale verksemder med straumtilskot. Kommunestyret har i møte 17. november 2022 vedtatt å halde fram med ordninga i fjerde kvartal 2022, med ei ramme på 7 millionar kroner. Ordninga blir først lansert på nyåret, slik at ho kan bli tilpassa den statlege energitilskotsordninga. For dei verksemdene som kvalifiserer til den statlege energitilskotsordninga, vil det vere eit krav at dei søkjer på denne for å få støtte frå den kommunale ordninga. Ei eventuell statleg støtte kjem til fråtrekk på den kommunale ordninga. Dei som ikkje kvalifiserer til den statlege ordninga, kan søke på den kommunale ordninga. Frå nyttår legg regjeringa opp til at fastprisavtaler skal bli tilgjengelege, noko som truleg vil erstatte statlege og kommunale støtteordningar.

Kommunalt fond for energieffektivisering

Kommunen har vedtatt å opprette eit fond for energieffektivisering (ENØK) med ei årleg ramme på 2 millionar. Private verksemder vil kunne søke om støtte frå dette fondet. Planen er å ha ein søknadsrunde i løpet av hausten 2022. Meir informasjon kjem, og søknadsskjema vil ligge på www.vinjenett.no.

Statlege straumstøtteordningar

Nasjonal energitilskotsordning

Regjeringa har etablert ei ny søknadsbasert tilskotsordning for verksemder spesielt råka av høge straumprisar. Tilskotet gjeld for kostnadar frå 1. oktober til og med 31. desember 2022. Ordninga blir lansert innan kort tid og er administrert av Enova via nettsida www.energitilskuddsordningen.no. Her finn du informasjon om ordninga og kva du bør gjere alt no for å førebu ein eventuell søknad.

(Kjelde: www.regjeringa.no)

Nasjonal lånegarantiordning

Regjeringa har etablert ei subsidiert garantiordning for banklån. Dette inneber at staten garanterer for inntil 90 prosent av beløpet i nye banklån til verksemder som står overfor ein akutt likviditetsmangel som følge av høge straumutgifter. 

Les meir her

(Kjelde: www.regjeringa.no)

Fastprisavtaler på strøm

Regjeringa arbeider for å legge betre til rette for fastprisavtaler på strøm. Les siste pressemelding om temaet her

(Kjelde: www.regjeringa.no)

Kommunalt næringsfond

For å stimulere til næringsutvikling kan kommunen gje økonomisk støtte til einskilde verksemder og næringsprosjekt. Søknadar blir handsama politisk.

Retningsliner for kommunal støtte (PDF)

Søknadsskjema

Fast tilskot til reiselivs- og næringsutvikling

Dei tre næringslaga i kommunen (Rauland, Vinje/Øyfjell og Haukeli/Vågslid) får ei årleg støtte frå kommunen til å drive reiselivs- og næringstuvikling. Tilskotsordninga er utforma som ei behovsprøvd ramme, med krav til eigenandel. 
 

  2022 2023 F.o.m. 2024
Rauland Turist AS - støtte totalt 1 970 000 1 500 000 1 500 000

Tilskot husleige turistkontor

220 000    

Sal av aksjar

250 000    

Tilskot reiselivs- og næringsutvikling

1 500 000 1 500 000 1 500 000
Eigenandel 65% 60% 55%
       
Vinje næringslag - støtte totalt 1 050 000 1 000 000 1 000 000

Tilskot husleige turistkontor

50 000    

Tilskot reiselivs- og næringsutvikling

1 000 000 1 000 000 1 000 000
Eigenandel 25% 25% 30%
       
Haukeli næringslag - støtte totalt 1 050 000 1 000 000 1 000 000

Tilskot husleige turistkontor

50 000    

Tilskot reiselivs- og næringsutvikling

1 000 000 1 000 000 1 000 000
Eigenandel 25% 25% 30%
       
Kommunal støtte totalt 4 070 000 3 500 000 3 500 000

For å få tilskot må næringslaga/destinasjonsselskapa legge fram ein plan som skisserer tiltak, inkludert kostnader/inntekter og finansiering. Tiltaka må vere innanfor vedtekne planar, føresegner, lovar og reglar. Kommunen vurderer og tilrår tilskot administrativt, innom løyvde rammer. Næringslaga/destinasjonsselskapa må dokumentere bruken av tilskotet i etterkant.

Tilskot til landbruksføremål

Vinje kommune støttar tiltak og investeringar i landbruket som medverkar til auka lønsemd, produksjon, tal bruk i drift, rekruttering og busetjing. 

Meir informasjon og søknadsskjema

Telemark utviklingsfond

Telemark utviklingsfond vart etablert i desember 2009. Fondet skal være eit verkemiddel for å skape og underbygge ei positiv befolkningsutvikling og næringsutvikling i alle delar av det som utgjer Telemark fylke på det tidspunktet fondet vart oppretta. Fondet skal særleg støtte utviklingstiltak i næringssvake kommunar og kommunar med folketalsnedgang. Fondet byggjer på eit grunnleggande prinsipp om berekraftig utvikling. 

Les meir på fondet sine nettsider